FOS har tilsett Johanne Engevik som ny FOS koordinator frå 13.08.2025. Johanne har skreve litt om seg sjølv og sine tankar om FOS stillinga:
Mitt namn er Johanne Engevik, og eg er både oppvaksen og busett på Stord. Eg er utdanna lærar og har dei siste ti åra jobba i både barnehage og barneskule. No ser eg fram til å ta fatt på ei ny og spanande rolle som FOS-koordinator. Samtidig vil eg halde fram som lærar ved Leirvik skule, og trur det er ein styrke å vere tett på skulekvardagen i arbeidet med FOS.
Eg er takksam for tilliten, og ser fram til å bidra til eit styrka samarbeid på tvers av kommunane i regionen. Eg ønskjer å vere med på å samla trådane og legge til rette for gode prosessar som kan løfte oppvekstsektoren.
Johanne skal jobba 60% som FOS koordinator og halde fram som lærar i 40% stilling på Leirvik skule.
FOS er veldig glade for at Johanne skal komme på laget vårt og me gler oss veldig til at ho kjem i gang til hausten.
