Her er litt materiell som kan nyttast ved førebuing og gjennomføring av munnleg eksamen i 2. framandspråk..
Desse dokumenta vart nytta på eksamensworkshop 22.11.23.
Her er to sett med forslag til vurderingskriterier. Begge tenkjer me kan nyttast.
Når det gjeld utforming av oppgåver vart ein einige om desse kriteria:
- Oppgåvene bør ha bilete og stikkord om kva ein kan snakka om.
- Mange ønskjer ikkje lyttedel, men udir oppfordrar til dette.
- Det er mogeleg med lesedel (men kanskje noko som er mogeleg å ta fram der ein strevar med å fylla tida, der ein ser at det kan hjelpa).
- Ikkje bruk opp dei emna som et lettast å snakka fritt om, som delar av førebudd del (familie, vener, fritidsaktiviteter, osb.).
- Det er lurt å ha kort/liste med ting å snakka rundt til samtaledelen. Anten noko dei kan velga mellom eller (familie, vener, fritidsaktiviteter, kjøledyr, veret, osb).
18. januar
kl.
9:00
–
15:00
Det vert kurs i vurdering av skriftlege tekstar i Engelsk 18.01.24. Målgruppe er sensorar og faglærarar på ungdomstrinnet.
Kurset vert halde på Stord folkehøgskule. Lunsj er inkludert.
15. januar
kl
9:00
–
15:00
Kurs/workshop i vurdering av skriftlege tekstar i norsk for faglærarar på ungdomstrinnet.
Kursstaden vert HVL campus Stord- SJU253 Auditorium
30. november 2023
kl.
9:00
–
14:00
Det vert eksamensworkshop for dei munnleg praktiske faga naturfag og matematikk 30.11. på Stord folkehøgskule.
Me vil ha gjennomgang av generelle og fagspesifikke retningslinjer, samt gruppearbeid der me utarbeider eksamensoppgåver.
Lunsj er inkludert.
Forum for oppvekst i Sunnhordland
+4793832432
hege.steindal@sveio.kommune.no
22. november 2023
kl.
9:00
–
14:00
Det vert eksamensworkshop for faglærarar og sensorar i 2. framandspråk og engelsk fordjuping 22.11. på Stord folkehøgskule.
Me vil ha gjennomgang av generelle og fagspesifikke retningslinjer, samt gruppearbeid der me utarbeider eksamensoppgåver.
Lunsj er inkludert.
Forum for oppvekst i Sunnhordland
+4793832432
hege.steindal@sveio.kommune.no
15. november 2023
kl.
9:00
–
14:00
Det vert eksamensworkshop for faglærarar og sensorar i Samfunnsfag, Krle og norsk onsdag 15.11. på Stord folkehøgskule.
Me vil ha gjennomgang av generelle og fagspesifikke retningslinjer, samt gruppearbeid der me utarbeider eksamensoppgåver.
Lunsj er inkludert.
Forum for oppvekst i Sunnhordland
93832432
hege.steindal@sveio.kommune.no
7. november 2023
kl.
13:30
–
15:30
“Magien, sårbarheten og styrken som ligg i relasjonen. Vil me skapa endring for eit barn som har det vanskeleg, er det lurast at omgivelsane/personane rundt barnet endrar strategi. Kunnskapen og handlinga må inn til dei som er nærast barnet/ungdommen, det er dei som opplever barna sine uttrykk. Eit barn som opplever seg likt av tilsette i skulen, vil lettare fortelja om det som kjens svært vanskeleg. For å lukkast med dette, er førebygging og systemretta innsats viktig“(Beate Gauden).
FOS no tilby ei kursrekkje med Beate Gauden frå RVTS, med tema- “Reguleringsstøtte”. Mågruppa er alle våre tilsette i barnehage, SFO og skule. Tilbodet er gratis og vil i første omgang føregå på Teams i økter på 2 timar. Første kursdag vert 07.11. I vårsemesteret vil det komma 2-3 kursdagar til.
Dette er også ein del av arbeidet vårt med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Gratis
Forum for oppvekst i Sunnhordland
+4793832432
hege.steindal@sveio.kommune.no
15. mars 2023
kl.
9:00
–
15:00
Forum for Oppvekst i Sunnhordaland arrangerer eksamensworkshop i Engelsk onsdag 15.03. frå 09.00-15.00. Kurset vert halde på Stord folkehøgskule på Leirvik.
Lunsj 12.-12.30: Heimelaga brød, assortert pålegg, suppe, kaffi/te etc.
Første del av dagen vil gå til generell info om nasjonale og lokale retningslinjer. Vidare vert det gruppearbeid og plenumsdeling. Nærare info kjem.
Birgitte Drønen Brenne (Fitjar) og Janne Ellingsen (Bømlo) leiar workshopen. Dei er begge erfarne lærarar med mykje eksamensarbeid bak seg.
Om du har spørsmål som du ønskjer at me skal svara på i denne workshopen, er det mogleg å sende desse inn på førehand til hege.steindal@sveio.kommune.no.
Norges orienteringsforbund ønskjer å bidra med opplæring og gjennomføring av aktivitetar i skulen i 2022 gjennom prosjektet «Orientering – Kart i skole og fritid».
Å kunne bruke kart er ei livreddande ferdigheit. Kan du orientere deg i skog, til fjells og i bynære område, har du grunnleggande kartkompetanse. Det er både nyttig og morosamt!
Bli inspirert til vidare arbeid og leik med kart – i tråd med læreplanmåla!
Det vert kurs i regi av Norges orienteringsforbund 14.09 på Rimbareid barne- og ungdomsskule på Fitjar klokka 14:00-16:00.
Kurshaldar er Henning Bratland Carlsen som har tittel «Prosjektleder Orientering i skolen». HenningBratland.Carlsen@orientering.no / 452 93 210.
Kurset er for lærarar, assistentar og SFO-tilsette.
Varigheit: 2 timar
Innhald:
- Kort presentasjon av nettressursar og aktivitetsmateriell.
- Utprøving av aktivitetar i skulegarden med ulike typar kart.
Kurset er gratis og skulane som deltek får gratis aktivitetsmateriell til bruk på eigen skule!
Me set ei maksbegrensning på 50 plassar. Ope for både lærarar og assistentar.
Ver kledd for å vere ute!
Påmelding innan 07.09.