Eksamensdatoar i FOS-regionen 2026
Bømlo kommune: Torsdag 04.06.2026
Etne kommune: Torsdag 04.06.2026
Stord kommune: Tysdag 09.06.2026
Sveio kommune: Tysdag 09.06.2026.
Kvinnherad kommune: Torsdag 11.06.2026
Fitjar kommune: Torsdag 11.06.2026
Eksamensdatoar i FOS-regionen 2026
Bømlo kommune: Torsdag 04.06.2026
Etne kommune: Torsdag 04.06.2026
Stord kommune: Tysdag 09.06.2026
Sveio kommune: Tysdag 09.06.2026.
Kvinnherad kommune: Torsdag 11.06.2026
Fitjar kommune: Torsdag 11.06.2026
Onsdag 13. august arrangerte FOS og HVL fagdag for SFO-tilsette i Sunnhordland. Dette var del av ei samlingsrekke som skal styrke kompetansen og bidra til at dei tilsette kjenner seg godt rusta til å utføre sitt viktige samfunnsoppdrag.
Dagen starta med erfaringsdeling frå dei ulike SFO-einingane, før deltakarane deltok i praktisk gruppearbeid knytt til naturleikeplass, dans, drama og musikk.
Me ser fram til neste samling i januar!

Her finn de idéhefte for naturleikeplass, songleikar og dans/drama til nedlasting:
FOS har tilsett Johanne Engevik som ny FOS koordinator frå 13.08.2025. Johanne har skreve litt om seg sjølv og sine tankar om FOS stillinga:
Mitt namn er Johanne Engevik, og eg er både oppvaksen og busett på Stord. Eg er utdanna lærar og har dei siste ti åra jobba i både barnehage og barneskule. No ser eg fram til å ta fatt på ei ny og spanande rolle som FOS-koordinator. Samtidig vil eg halde fram som lærar ved Leirvik skule, og trur det er ein styrke å vere tett på skulekvardagen i arbeidet med FOS.
Eg er takksam for tilliten, og ser fram til å bidra til eit styrka samarbeid på tvers av kommunane i regionen. Eg ønskjer å vere med på å samla trådane og legge til rette for gode prosessar som kan løfte oppvekstsektoren.
Johanne skal jobba 60% som FOS koordinator og halde fram som lærar i 40% stilling på Leirvik skule.
FOS er veldig glade for at Johanne skal komme på laget vårt og me gler oss veldig til at ho kjem i gang til hausten.

Desse dokumenta er oppdaterte og klare for bruk i skuleåret 2024-2025.
Eksamensdatoar for kommunane 2025:
Fellessensuren for skriftleg eksamen er sett til 16.-18.06.
Skule- og barnehageåret 2023-2024 starta med at styringsgruppa kunne ønskja to nye medlem velkomne. André Sæthre kom inn som ny etatssjef for oppvekst i Fitjar og Heidi Anita Solheim tok over som oppvekstsjef i Kvinnherad.
Styringsgruppa, Grunnskulegruppa, Barnehagegruppa, Vaksenopplæringsgruppa, Kulturskulegruppa og PPT- gruppa har hatt stabil og god aktivitet dette skule-/barnehageåret. Vidare har fleire nye nettverk og kurs vorte avvikla, mellom anna nettverk for inkluderande praksis i samarbeid med RVTS-Vest og kurs i skriftleg vurdering av tekstar for faglærarar i engelsk og norsk. Styringsgruppa har arbeidd fram ny strategi for arbeidet i FOS som inkluderer ny møtestruktur for ein del av gruppene og signert ny intensjonsavtale med HVL.
FOS sin årlege leiarkonferanse vart gjennomført 07.-08.02. på Quality Maritim hotell i Haugesund. Hovudbidraga var frå Statsforvaltaren i Vestland, Anne Berit Emstad og Sølvi Lillejord, medan Sindre Nyborg, rektor ved Sunde skule i Kvinnherad, og Pål Helland, rektor ved Hystad skule på Stord, sto for dei lokale bidraga. Totalt hadde konferansen 195 deltakarar.
FOS er framleis i partnarskap med to ulike universitetsmiljø kring tilskotsordningane «Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage», «Desentralisert ordning for kompetanseutvikling» og «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis». I kompetanseordninga for vaksenopplæringa samarbeider alle FOS-kommunane tett.
Ved skule- og barnehageårets slutt takka Bjørn Håvard Bjørklund for seg som kommunalsjef i Bømlo kommune og vart då også takka av som medlem i styringsgruppa til Forum for oppvekst i Sunnhordland.
Kort oppsummert, kan ein seie at 2023/24 har vore eit år med stabilt aukande aktivitet i FOS.
Dato for fellessensuren for grunnskulen våren 2025 er sett til 16.06.
Dato for fellessensur våren 2025 | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)
Datoar for eksamensverkstad (workshop) i munnleg eksamen for skuleåret 24/25 vert:
Tysdag 26.11.- Engelsk
Onsdag 27.11.- Matte/naturfag
Torsdag 28.11.- Norsk, Krle og Samf.fag.
Stad: Stord folkehøgskule
Målgruppe er interne og eksterne sensorar i grunnskulen FOS-kommunane.
Påmelding via fos-sunnh.no frå august.
I samarbeid med Vestland fylkeskommune arrangerer Forum for oppvekst i Sunnhordland leiarsamling for kommunalsjefar for oppvekst/opplæring, rektorar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring, samt leiarar for PPT kommune og RLT-fylkeskommune. Rektorane i vidaregåande opplæring kan ta med leiar for elevtenestene i møtet om ynskjeleg.
Tema for møtet:
Vestland fylkeskommune har eit mål om at 90 % av ungdomane skal fullføre vidaregåande opplæring innan 2030. Korleis kan vi samhandle tidlegare om elevar med store utfordringar til å gjennomføre vidaregåande opplæring?
Samlinga vert på Stord hotell , 12. mars 2023 kl 11.30-15.00
12.03. kjem Arbeidstilsynet for å ha rettleiing med skuleleiarar og HMS-grupper i FOS-kommunane- Rettleiinga finn stad på Stord hotel frå kl. 08.30-11.30. Tema for rettleiinga er vald og truslar i skulen.
Sjå invitasjon med agenda for dagen i lenka nedanfor: