Årsmelding 2025-2026

Forum for oppvekst i Sunnhordland står fram som ein viktig arena for samarbeid og utvikling i oppvekstsektoren i regionen. Arbeidet dette året har vore prega av omstilling, utvikling og tett samarbeid på tvers av kommunar og fagområde. Det er lagt eit solid grunnlag for vidare utvikling av kvalitet, kompetanse og heilskaplege tenester for barn og unge i åra som kjem.

Leiarkonferansen 2025

Tysdag 28. oktober var leiarar frå oppvekstsektoren i FOS-regionen samla ved Stord konferansesenter for å lytte til og reflektere rundt føredrag ved Paul Otto Brunstad. Temaet for dagen var korleis me kan ta vare på oss sjølve og kvarandre – for å kunne ta betre vare på elevar, born og kollegaer.

Brunstad utfordra oss til å snakke sant om det som er vanskeleg og krevjande, som ein veg til å kunne gi ekte omsorg – både til oss sjølve og til andre. Dagen gav rom for viktige refleksjonar og samtalar om leiarskap, fellesskap og det å stå i krevjande roller over tid.

Fagdag for SFO-tilsette i Sunnhordland

Onsdag 13. august arrangerte FOS og HVL fagdag for SFO-tilsette i Sunnhordland. Dette var del av ei samlingsrekke som skal styrke kompetansen og bidra til at dei tilsette kjenner seg godt rusta til å utføre sitt viktige samfunnsoppdrag.

Dagen starta med erfaringsdeling frå dei ulike SFO-einingane, før deltakarane deltok i praktisk gruppearbeid knytt til naturleikeplass, dans, drama og musikk.

Me ser fram til neste samling i januar!


Her finn de idéhefte for naturleikeplass, songleikar og dans/drama til nedlasting: