Årsmelding 2023-2024

Skule- og barnehageåret 2023-2024 starta med at styringsgruppa kunne ønskja to nye medlem velkomne. André Sæthre kom inn som ny etatssjef for oppvekst i Fitjar og Heidi Anita Solheim tok over som oppvekstsjef i Kvinnherad.

Styringsgruppa, Grunnskulegruppa, Barnehagegruppa, Vaksenopplæringsgruppa, Kulturskulegruppa og PPT- gruppa har hatt stabil og god aktivitet dette skule-/barnehageåret. Vidare har fleire nye nettverk og kurs vorte avvikla, mellom anna nettverk for inkluderande praksis i samarbeid med RVTS-Vest og kurs i skriftleg vurdering av tekstar for faglærarar i engelsk og norsk. Styringsgruppa har arbeidd fram ny strategi for arbeidet i FOS som inkluderer ny møtestruktur for ein del av gruppene og signert ny intensjonsavtale med HVL.

FOS sin årlege leiarkonferanse vart gjennomført 07.-08.02. på Quality Maritim hotell i Haugesund. Hovudbidraga var frå Statsforvaltaren i Vestland, Anne Berit Emstad og Sølvi Lillejord, medan Sindre Nyborg, rektor ved Sunde skule i Kvinnherad, og Pål Helland, rektor ved Hystad skule på Stord, sto for dei lokale bidraga. Totalt hadde konferansen 195 deltakarar.

FOS er framleis i partnarskap med to ulike universitetsmiljø kring tilskotsordningane «Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage», «Desentralisert ordning for kompetanseutvikling» og «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis». I kompetanseordninga for vaksenopplæringa samarbeider alle FOS-kommunane tett.

Ved skule- og barnehageårets slutt takka Bjørn Håvard Bjørklund for seg som kommunalsjef i Bømlo kommune og vart då også takka av som medlem i styringsgruppa til Forum for oppvekst i Sunnhordland.

Kort oppsummert, kan ein seie at 2023/24 har vore eit år med stabilt aukande aktivitet i FOS.

Eksamensverkstader (workshops) hausten 2024

Datoar for eksamensverkstad (workshop) i munnleg eksamen for skuleåret 24/25 vert:

Tysdag 26.11.- Engelsk

Onsdag 27.11.- Matte/naturfag

Torsdag 28.11.- Norsk, Krle og Samf.fag.

Stad: Stord folkehøgskule

Målgruppe er interne og eksterne sensorar i grunnskulen FOS-kommunane.

Påmelding via fos-sunnh.no frå august.

Kommunedialogen FOS-VLFK

I samarbeid med Vestland fylkeskommune arrangerer Forum for oppvekst i Sunnhordland leiarsamling for kommunalsjefar for oppvekst/opplæring, rektorar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring, samt leiarar for PPT kommune og RLT-fylkeskommune. Rektorane i vidaregåande opplæring kan ta med leiar for elevtenestene i møtet om ynskjeleg. 

Tema for møtet: 

Vestland fylkeskommune har eit mål om at 90 % av ungdomane skal fullføre vidaregåande opplæring innan 2030. Korleis kan vi samhandle tidlegare om elevar med store utfordringar til å gjennomføre vidaregåande opplæring?

Samlinga vert på Stord hotell , 12. mars 2023 kl 11.30-15.00

Midlar til etter- og vidareutdanning for lærarar i barnehage og skule 2024

I dag opnar søknadsportalen for lærarar og leiarar i barnehage og skule som vil ta vidareutdanning neste år. Søknadsfristen er 1. mars. 

Prioriterte studier er:

– matematikk, engelsk, norsk, samisk, norsk teiknspråk og praktisk estetiske fag for faglærarar i skulen.

– Spesialpedagogikk for lærarar i skule og barnehage.

For meir info:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/

Leiarkonferansen 2023- Presentasjonar 09.02.

Thomas Nordahl- PP-tjenesten og profesjonelle læringsfellesskap i barnehage og skole

Torhild Molland- Årsplanarbeid i samarbeid med NLA.

Brynhild Herheim Sveio) og Johanne Geitung Håvik (Espira Bømlo)- Overgang frå barnehage til skule og sfo.

Heine Larsen (Espira Salamonskogen) og Tone Osestad Baugstø (Rubbestadneset skule)- Å vere lærarutdanningsbarnehage og lærarutdanningsskule for HVL.