Skule- og barnehageåret 2023-2024 starta med at styringsgruppa kunne ønskja to nye medlem velkomne. André Sæthre kom inn som ny etatssjef for oppvekst i Fitjar og Heidi Anita Solheim tok over som oppvekstsjef i Kvinnherad.
Styringsgruppa, Grunnskulegruppa, Barnehagegruppa, Vaksenopplæringsgruppa, Kulturskulegruppa og PPT- gruppa har hatt stabil og god aktivitet dette skule-/barnehageåret. Vidare har fleire nye nettverk og kurs vorte avvikla, mellom anna nettverk for inkluderande praksis i samarbeid med RVTS-Vest og kurs i skriftleg vurdering av tekstar for faglærarar i engelsk og norsk. Styringsgruppa har arbeidd fram ny strategi for arbeidet i FOS som inkluderer ny møtestruktur for ein del av gruppene og signert ny intensjonsavtale med HVL.
FOS sin årlege leiarkonferanse vart gjennomført 07.-08.02. på Quality Maritim hotell i Haugesund. Hovudbidraga var frå Statsforvaltaren i Vestland, Anne Berit Emstad og Sølvi Lillejord, medan Sindre Nyborg, rektor ved Sunde skule i Kvinnherad, og Pål Helland, rektor ved Hystad skule på Stord, sto for dei lokale bidraga. Totalt hadde konferansen 195 deltakarar.
FOS er framleis i partnarskap med to ulike universitetsmiljø kring tilskotsordningane «Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage», «Desentralisert ordning for kompetanseutvikling» og «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis». I kompetanseordninga for vaksenopplæringa samarbeider alle FOS-kommunane tett.
Ved skule- og barnehageårets slutt takka Bjørn Håvard Bjørklund for seg som kommunalsjef i Bømlo kommune og vart då også takka av som medlem i styringsgruppa til Forum for oppvekst i Sunnhordland.
Kort oppsummert, kan ein seie at 2023/24 har vore eit år med stabilt aukande aktivitet i FOS.