Personvernerklæringa for FOS-Sunnh.no nettstad og nyhendebrev.
Personvern, handsaming av personopplysingar.
Denne personvernerklæringa gjeld for FOS-Sunnh.no nettstad. FOS-Sunnh.no er handsamingsansvarleg for personopplysingar som samlast på nettstaden. Alle personvernopplysingar som vert omhandla vidare er berre personopplysingar som er innhenta i kommunikasjons- og markedsføringssamanheng.
FOS samlar inn og bruker personopplysingar i form av data som kan knyttast til våre brukarar ved påmelding til respektive kurs og møte. I den samanheng har vi ansvar for å handtera data på ein sikker og brukarvenleg måte, som oppfyller både lovkrav og dei forventningane brukarane våre har.
Om FOS:
FOS er ein organisasjon som omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio i Sunnhordland. Hovudmål for FOS er å samarbeida om oppgåver som vert løyste betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå.
Nettadressen vår er fos-sunnh.no
Øvrig kontaktinformasjon:
Postadresse: Postboks 40, N-5559 Sveio
Mob: +47 93832432
E-post:hege.steindal@sveio.kommune.no
Personopplysingar som vert handsama
FOS samlar ikkje inn personopplysingar som fødselsdato, personnummer eller opplysingar om personlege betalingskort.
Informasjon som vert henta inn ved påmelding til våre kurs og møte:
- Fornavn (påkrevd)
- Etternavn (påkrevd)
- E-postadresse (påkrevd)
- Arbeidsstad (påkrevd)
- Faktura-adresse (påkrevd)
- Telefonnummer (valgfritt)
- Eventuelle allergiar (valgfritt)
Informasjon som vert henta inn til vår nettside:
- Informasjon om bruk av nettsida, for eks. sidebesøk og klikk (cookies)
- Nettlesarspråk (cookies)
- Nettlesarversjon (cookies og logg)
- Kva for eining besøkande bruker, f.eks. mobil eller desktop (cookies og logg)
- IP-adresser som besøker nettsida (logg).
Ingen nettsidedata som vert lagra, verken cookies eller server-logg, kan sporast tilbake til den enkelte brukar.
Korleis informasjonen vert innhenta
FOS samlar inn opplysingar via følgande skjema og digitale verktøy:
- Digitalt skjema for påmelding til kurs eller møte på nettstad – må aktivt fyllast ut digitalt
- Ved hjelp av cookies på nettstaden – data vert samla automatisk.
- Serverlogg som automatisk vert generert ved kvart besøk.
Korleis informasjonen vert lagra
Informasjon om din bruk av nettsida vert lagra på Googles serverar og vert sletta etter 36 mnd. om du ikkje har nytta deg av fos-sunnh.no i løpet av denne perioden. Det er ikkje mogleg å henta ut informasjon om den enkelte brukar fra Google sin server, verken av FOS-Sunnh.no eller andre.
Servarloggen vert lagra i eit sikra område og kan berre lesast av FOS-Sunnh.no og av vår leverandør av servertenester. Serverloggen blir utelukkande brukt for diagnose av vår server, og loggen vert automatisk sletta etter 3 mnd.
Informasjonskapslar
Vi bruker små informasjonskapslar (cookies) for å gjere surfinga di tryggare og betre.
Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som vert lagra på harddisken din frå ei nettside. Informasjonskapslar frå våre nettstader inneheld ingen personleg informasjon om deg. Du kan kva tid som helst deaktivera bruk av informasjonskapslar via innstillingane i nettlesaren din.
Kva bruker FOS dei til?
På vår heimeside bruker vi informasjonskapslar til anonyme statistiske analysar, primært i Googles verktøy for besøksstatistikk – Google Analytics. Klikk og sporing vert registrert anonymt og kan ikkje tilbakeførast til den enkelte brukar.
Vi bruker òg informasjonskapslar for å sjå at du har akseptert vårt varsel om bruk av cookies. På den måten slepp du å sjå cookie-varselet kvar gong du besøker nettsida vår.
Ingen av våre informasjonskapslar inneheld personleg informasjon om våre besøkande.
Google Analytics
FOS nyttar seg av analyseverktøyet Google Analytics for å analysera brukarmønstre og trafikktrendar på nettsida vår. Data som samlast inn vert brukt for å optimalisera brukeropplevinga og innhaldet på nettstaden. I høve Googles retningslinjer for bruk av Google Analytics, samlast det ikkke inn personleg informasjon om brukaren. Data som samlast inn vert lagra på Googles serverar og slettast etter 36 mnd. om du ikkje har returnert til nettstaden i løpet av denne perioden.
Du kan lesa meir om korleis Google samlar inn og beskyttar data her:
http://www.google.com/analytics/learn/privacy.html
Du kan reservera deg mot bruk av Google Analytics. Les meir her:
https://tools.google.com/dlpage/gaoptout
Noko du lurer på?