
- Dette arrangementet er ferdig.
Skuleleiarnettverk: «Læringsleiing i framtidas skule- fagfornyinga; moglegheiter og forventningar»
16. oktober 2019 kl. 9:00 - 14:45

God skuleleiing påverkar elevane si læring! Men korleis veit me at de me gjer verkar slik me ynskjer det skal verke? Kva er den einskilde vaksne i skulesamfunnet sitt ansvar for kvar elev sin opplevde livsmeistringskvalitet? Kva struktur, kultur og leiing for læring fremjer læringspraksis i framtidas skule der intensjonen i Fagfornyinga vert etterlevd?
Gjennomgåande i nasjonale styringsdokument, deriblant Fagfornyinga, er betydninga av å ruste det einkilde barn og ungdom for livslang læring og opplevd livsmeistring. Skuleleiinga si rolle for at dette skal opplevast vert løfta fram. I arbeidet med forståing for og implementering av Fagfornyinga vil den einskilde skule sin struktur, kultur og leiing for læring på alle nivå vere avgjerande for å (vidare) utvikle ein praksis som i størst mogeleg grad etterlever intensjonane i Fagfornyinga. Skuleleiarane sin oversettingskompetanse vert særleg viktig for å lukkast med kvalitetsfremjande praksis. Det same gjeld haldning til og synet på den einskilde vaksne i skulen som læringsleiaren, og den kollektive forventning om kva som er mogeleg å få til i lag.
Ei sentral tilnærming på nettverkssamlinga vil difor vere korleis leiinga på skulane veit, og ikkje trur, kva som kjenneteikner god praksis i alle læringsmiljø på sin skule, og korleis den einskilde skule må sikre, vurdere og utvikle ynskja kvalitet for at intensjonen i Fagfornyinga skal opplevast av den einskilde elev. Dagen vert difor lagt opp med stor grad av eigenaktivitet i form av dialogar, refleksjonar og praksistrening for å byggje felles mentale modellar og for å utvikle den einskilde skuleleiar si verktykasse, slik at ein kan ta innhald, metodar og verkty ut i eigen organisasjon i det vidare arbeidet med Fagfornyinga.