Prisar på kurs

Standard differensierte kursprisar per i dag er (då utifrå at kursa går på Stord):
Stord/heimekommune: kr 550
Fitjar: kr 500
Bømlo/Sveio: kr 450
Etne/Kvinnherad: kr 400
Kommunar utanfor FOS: kr 1500

Om kurset går i ein av dei andre kommunane, betalar deltakarar frå denne kommunen heimekommunepris. Stord får då t.d. prisen som gjeld i kurskommunen. Andre prisar enn dei ovanfor nemnde, vil bli serskilt nemnde i kursomtalen. Inkludert i prisen er enkel servering. Satsane er justerte og er gjeldande frå 1.8.2015.

NB! Variasjonar i prisane kan forekoma, nokre tilbod kan vera gratis.