Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Opplæringslova kap. 9A

21. november 2019 kl. 10:00 - 14:30

Tilbod om deltaking på regionvise samlingar – opplæringslova kap 9A

I Fylkesmannen sitt oppdrag vert arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø prioritert. Ein viktig del av dette arbeidet er å informera skuleeigarar og skuleleiarar om regelverket, og om våre erfaringar som førsteinstans i desse sakene.

Vestland fylke vil etter ny kommuneinndeling ha 43 kommunar. Vi har ikkje kapasitet til å reisa til alle kommunane, men ynskjer å møta alle dei ti kompetanseregionane. Vi vil difor tilby oss å delta på samlingar for skuleeigarar og skuleleiarar som kompetanseregionane arrangerer.

Vi vil ta utgangspunkt i våre erfaringar frå handhevingsordninga og vil mellom anna komma inn på tema som 

  • skulen si aktivitetsplikt 
  • det todelte dokumentasjonskravet 
  • skuleeigar sitt forsvarlege system

 

Vi tenkjer oss ein tidsramme på 3-4 timar, der vi har tid til spørsmål, innspel og refleksjon knytt til temaet.

Prisar

Detaljar

Arrangør

  • FOS

Stad