
Fagdag med Kari Pape
4. juni kl. 9:00 – 14:30
FOS har fått tildelt ekstra midlar i forbindelse med ReKomp, og i den samanheng ynskjer me å invitere styrarar i barnehage og assisterande styrar til fagdag med Kari Pape. Tema for dagen vil vere psykososialt barnehagemiljø. Kari Pape vil også formidle litt om hennar forsking på korleis tilsette sitt arbeidsmiljø påverkar barna sitt psykososiale barnehagemiljø. Tema er med bakgrunn i eigenvurdering og tilsyn FOS kommunane har hatt på kap. 8 i Lov om barnehager.
Meld deg på og få meir informasjon når det nærmar seg. Det vert lunsj for alle påmeldte. Dagen startar kl. 09:00 og sluttar kl. 14:30. Det vert kaffi og te frå kl. 08:45.