
Styrarnettverk med Randi Nordlie frå HVL
30. april kl. 9:00 – 14:00
Forum for oppvekst i Sunnhordland ynskjer å invitere barnehageleiarar til eit styrarnettverk med Randi Nordlie frå HVL. Tema for dagen vil vere Lov om barnehagar og § 2 om barnehagens innhald. Meir om sjølve innhaldet kjem.
Sett gjerne av dagen og meld deg på! Dette vert ein god dag med fagleg påfyll saman med fleire av barnehageleiarane i Sunnhordland.
Det er mogleg å melde på fleire frå kvar barnehage om ein har moglegheit til det.
Har de spørsmål kan ein kontakte FOS koordinator Mone Nilsen på e-post moni@fitjar.kommune.no eller mobil 97 08 95 98.