Fagdag for tilsette i SFO
11. august kl. 9:15 – 15:00
HVL og FOS inviterer til ny fagdag for SFO-tilsette i regionen, ved HVL, campus Stord, tysdag 11. august.
Fagdagen er del av kompetansepakken for SFO, for å styrka kompetanse hos dei tilsette, knytt til arbeid med nasjonal rammeplan for SFO. Dette vert samling nr. 5 av totalt 6 fysiske og digitale samlingar i kursrekka. Tidlegare deltaking er ikkje avgjerande for påmelding, og me håpar at mange SFO-einingar har høve til å delta.
Tema for samlinga er leik og aktivitet.
Dagen vil bestå av to workshops med ulikt tema. De blir delt inn i to grupper og byter workshop etter lunsj.
Workshop 1: Naturleikeplassen
Workshop 2: Korleis kan ein legge til rette for at kunst- og kulturaktivitetar i SFO kan skje?
