wdasdasD

- Dette arrangementet er ferdig.
Opplæringslova kap. 9A
21. november 2019 kl. 10:00 - 14:30

Tilbod om deltaking på regionvise samlingar – opplæringslova kap 9A
I Fylkesmannen sitt oppdrag vert arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø prioritert. Ein viktig del av dette arbeidet er å informera skuleeigarar og skuleleiarar om regelverket, og om våre erfaringar som førsteinstans i desse sakene.
Vestland fylke vil etter ny kommuneinndeling ha 43 kommunar. Vi har ikkje kapasitet til å reisa til alle kommunane, men ynskjer å møta alle dei ti kompetanseregionane. Vi vil difor tilby oss å delta på samlingar for skuleeigarar og skuleleiarar som kompetanseregionane arrangerer.
Vi vil ta utgangspunkt i våre erfaringar frå handhevingsordninga og vil mellom anna komma inn på tema som
- skulen si aktivitetsplikt
- det todelte dokumentasjonskravet
- skuleeigar sitt forsvarlege system
Vi tenkjer oss ein tidsramme på 3-4 timar, der vi har tid til spørsmål, innspel og refleksjon knytt til temaet.