
- Dette arrangementet er ferdig.
Symje- og livbergingsopplæring ute
11. juni 2019 kl. 8:45 - 14:45

I oktober 2017 vart konferansen «Nytt innan symjeopplæring» arrangert på HVL, campus Stord. Mange stilte då spørsmål om korleis ein kan driva symje- og livbergingsopplæring ute for å kunna innfri kompetansemåla og kva kompetanse lærarane bør ha for å kunna gjennomføra slik undervisning. På bakgrunn av dette skipar me til ein ny konferanse 11. juni 2019, der fokus er på symje- og livbergingsopplæring ute. Deltakarane vil og få høve til å gjennomføra utandørs livbergingsprøve.
Konferansen er gratis, og deltakarane ordnar lunsj sjølve
Påmelding og program finn du her:
https://www.hvl.no/kalender/symjeoppl/