- Dette arrangementet er ferdig.
Skuleleiarnettverket i FOS
11. november 2020 kl. 8:00 - 11:45
Program 11.november
Samanhengar, medverknad, sikring
Tenk gjennom på førehand:
- Samanhengar: Kva gjer du som skuleleiar for at tilsette forstår samanhengane mellom LK20, lokal satsing i kommunen og skulens prioriteringar?
- Medverknad: Kva gjer du som skuleleiar for at tilsette og elevar får eigarskap til samanhengane?
- Sikring: Kva gjer du som skuleleiar for å sikre at elevane opplever lærelyst, meistringstru og motivasjon?
08.00-08.15 Påkobling, kaffi/te
08.15-09.15 Økt 1 Maslows seglbåt; samanhengar, medverknad og sikring
09.15-09.30 Pause
09.30-10.30 Økt 2 Korleis brukar eg leiarverktøykassa mi?
Deling frå bruk av leiarverkty/eigen leiarpraksis med utgongspunkt i førebuingsspørsmåla. Del gjerne frå metodar/verkty/modellar me har snakke om i nettverket (lærande vandring, aksjonslæring, prioriteringsmatrise, lærande møter, utvikling av det profesjonelle lærande fellesskapet), men det kan gjerne vere andre metodar og strategiar og.
10.30-10.45 Pause
10.45-11.45 Økt 3 Kva bør vere mitt neste steg, og korleis veit eg at det virkar slik eg har tenkt?
11.45 LUNSJ