- Dette arrangementet er ferdig.
KURSREKKJE MED TEMA “REGULERINGSSTØTTE”
7. november 2023 kl. 13:30 – 15:30
“Magien, sårbarheten og styrken som ligg i relasjonen. Vil me skapa endring for eit barn som har det vanskeleg, er det lurast at omgivelsane/personane rundt barnet endrar strategi. Kunnskapen og handlinga må inn til dei som er nærast barnet/ungdommen, det er dei som opplever barna sine uttrykk. Eit barn som opplever seg likt av tilsette i skulen, vil lettare fortelja om det som kjens svært vanskeleg. For å lukkast med dette, er førebygging og systemretta innsats viktig“(Beate Gauden).
FOS no tilby ei kursrekkje med Beate Gauden frå RVTS, med tema- “Reguleringsstøtte”. Mågruppa er alle våre tilsette i barnehage, SFO og skule. Tilbodet er gratis og vil i første omgang føregå på Teams i økter på 2 timar. Første kursdag vert 07.11. I vårsemesteret vil det komma 2-3 kursdagar til.
Dette er også ein del av arbeidet vårt med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Forum for oppvekst i Sunnhordland
+4793832432
hege.steindal@sveio.kommune.no