Seminar: LEIK FØRST!
6. november kl. 9:00 – 15:00
Velkommen til seminaret LEIK FØRST!
Seminaret går føre seg ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord. Me inviterer barnehagetilsette, SFO-tilsette, lærarar på småskuletrinnet og sjølvsagt studentar, til ein dag der leiken står i sentrum.
Leik er den raude tråden gjennom heile seminaret. Målet er å utforske, utfordre og styrkje forståinga av leik som grunnlag for trivsel, utvikling og læring.
For å hjelpe oss med det så har me fått med oss blant anna Knut Løndal som har forska på leik både i barnehage, skule og SFO, Charlotte Lunde som er medforfattar på boka Leik og læring i eit nevroperspektiv, i tillegg til fleire namn både frå Høgskulen på Vestlandet og frå praksisfeltet vårt.
Så sett av dagen den 6. november 2026 bli inspirert og få fleire faglege perspektiv som de kan trekke med dykk i dykkar vidare arbeid.
