Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Skuleleiarnettverk: «Læringsleiing i framtidas skule- fagfornyinga; moglegheiter og forventningar» Del 2

22. april 2020 kl. 8:30 - 12:00

«Tida mer er i er på mange måter eksamen i leiing!  Me vert dagleg utfordra på å vere den gode læringsleiaren som skal løyse oppgåver me ikkje har sett for oss, i kontekstar som er nye og annleis, med stadige endringar i føringar og forventningar fra nasjonalt hald.  Samtundes skal me vere drivkrafta til å fremje livslang læring og livsmeistringsopplevingar for den einskilde elev.

I dette kan det å halde fast på noko og kjenne på at det gjev meining, meistring og motivasjon, vere ei viktig energikjelde.   Utviklingsarbeid og felles møteplassar der ein får dele og læra av kvarandre og kjenne på samhald og samskaping kan vere ei slik kjelde, som kanskje nett no er viktigare enn nokon gong.  Me er i noko no, me skal tilbake til noko, men kva det er me kjem tilbake til veit me enno ikkje.  Korleis kan me bruke situasjonen me er i til å utvikle oss individuelt og kollektivt til noko betre?  Kva har me gjort i denne tida som har vore særleg nyttig? Korleis veit me kva som har vore nyttig, for kven? Kva vil me ta med oss vidare frå det me har lært, og kva vil me legge vekk når me kjem tilbake?  Dette kan vere nyttige spørsmål å reflektere over og ikkje minst kva skal til for at det me har lært vert vidare implementert og kva av gamle mønstre vil me legge vekk.

På bakgrunn av dette ynskjer å invitere til felles samling for alle skuleleiarane i Sunnhordland 22.april.  Hovudmål for dagen er å sjå samanhengar mellom læringsleiaroppdraget frå nasjonalt hald i Fagfornyinga, det profesjonelle læringsfellesskapet og situasjonen me er i.  Det vil verte lagd vekt på erfaringsdeling og refleksjon rundt «gjort-lært-lurt» ved bruk av m.a. lærande-møte-metodikk.  Intensjonen er at det me gjer i fellesskap på leiarsamlinga, kan vere modell for korleis skulane kan jobbe med eige personalet i noverande situasjon for å sikre at dei opplever det gode lærande leiarskapet i praksis.

 

Forslag tidsrame:

08.30-08.45: Kaffi og påkobling

08.45-09.15: Fellesmøte

09.15-10.00: Gruppearbeid

10.00-10.15: Pause

10.15-10.45: Fellesmøte

10.45-11.30: Gruppearbeid

11.30-12.00: Fellesmøte inkludert evaluering

Påmeldingsfrist: Måndag 20. april kl. 20.00

 

Detaljar

Dato
22. april 2020
Tid:
8:30 - 12:00
Kategoriar:
,

Stad

Digitalt, Microsoft teams
Norway

Arrangør

FOS

Registrerte deltakarar

Geir HolmeTrude MathiesenAina Kristin HaalandMaryann SteinsbøPål RosethMarion HagaHeidi SolheimEva RefvikNina BernhardsenAnne-Grethe BergeStein HøylandMargrethe EideChristin KlubbenSteinar RossetHjørdis ØsterbøKari BraathenKristin IsdalAnne Grethe BergeSolfrid fauskanger PedersenTone BaugstøKristin SkareMette HvidevoldBirgit Sønstabø EsperøKari Friis SortlandAnn Helen Tveit HopeElisabeth HaldorsenJulia Lorgen HartvigsenTorunn LaurhammerPål Roseth
Mone NilsenThor-Gunnar BakkeVibeke DahlAnne Hege RogneFrode GaasdalJorunn Teigen SætreHanna Haugan SolheimHege Mehammer TofteOlaug HovdaKari ØstensenHilde AndersenEli MelingMarie Elisabeth KVINNHERAD KOMMUNE - Undarheimn skuleKristine Vikanesanita eriksenAnne Beate SundeSilje Eide RustenIngerid Mæland InnværOdd Steinar ArnesenMerete FjellheimLinda HellenAgnes KorneliussenBente Hovland BergtunMariann RisdalJorunn SortlandBjørn Olav TveitPål HellandSolrunn Irene KvamenMarianne Staddeland

Registreringar er stengd for denne hendinga.