Lærarjakta held fram!

FOS har i samarbeid med Vestlandet Media og HVL gåande eit interessant prosjekt for å rekruttera fleire lærarstudentar. Eit ledd i dette arbeidet er filmen- Den store lærarjakta ( https://fb.watch/e5cCykTzhu/), som de kanskje har sett. Etter tips frå ungdommen, ser også Vestlandet Media og HVL no på å ta i bruk TikTok for å kommunisera med dei unge der ute (TikTok-taktik – Vestland Media). Så her skjer det mykje spanande framover!

I dette rekrutteringsarbeidet tenkjer me langsiktig. Eit nytt undervisningsopplegg for ungdomsskulen er difor under utprøving- “Ung lærar”. Her siktar me på å få dei som no er ungdomsskuleelevar til å vurdera læraryrket ein gong i framtida. I dette prosjektet gjennomfører 10.klassingar undervisningsopplegg i 1. klassar. Elevane utformar mykje av opplegget sjølve, medan lærarane innehar ei mentorrolle. Korleis er det å vere lærar? Kor går vegen frå målsetjing, via læringsaktivitet og til oppnådd ferdigheit eller kompetanse? Gjennom å delta i ei slik prosess vil elevane lære mykje om korleis det er å vere i læraryrket, og kanskje ein god del om det å lære også?

“Ung lærar” har som siktemål å verta eit undervisningsopplegg som skal kunna nyttast i ungdomsskulen. Dei første utprøvingane har gått veldig godt, og ein satsar på å køyre pilotprosjekt til hausten!