Den kulturelle skulesekken

FOS kommunane samarbeider kvart år om eitt felles regionalt prosjekt innanfor den kulturelle skulesekken (DKS). Dei siste åra er det ”Eg byggjer meg ein båt” som har stått på plakaten og det er Sunnhordland Museum som står for den praktiske gjennomføringa der målgruppa er 6 klasse. (NB! små skular med få elevar på kvart trinn, kan vurdera å ta med andre frå mellomtrinnet for å fylla opp.)

FOS får kvart år kr 50000,- til opplegget frå Hordaland Fylkeskommune – denne summen blir trekt frå før kommunane får faktura via FOS.  Slik ordninga har vore til nå, har skulane måtta betala ein eigenandel for materiell  – dette går nå ut og blir lagt inn i fellesrekninga.

Klikk her for plan for 2018 (oppdatert 26.04)

For meir informasjon eller spørsmål om prosjektet, kontakt Johanne Tvedten ved Sunnhordland Museum, tlf 97187186, mail jot@sunnhordland.museum.no

Les meir om båtprosjektet her.

I tillegg til båtprosjektet saman med Sunnhordland museum, er dagleg leiar FOS regionen sin kontaktperson inn mot DKS Hordaland. Klikk her for å bli kjend med fylkesleddet av DKS